Hopp til hovedinnhold
Alle nyheter

Resultat frå undersøkingar i Frafjordelva hausten 2020

Resultat frå undersøkingar i Frafjordelva hausten 2020

Gytefiskteljingar

Som tidlegare år gjennomførte NORCE gytefiskteljingar hausten 2020. Det vart telt 475 gytelaks, dvs. litt fleire enn i fjor – men likevel mykje fære enn gjennomsnittet dei siste åra. Resultatet viser likevel at gytebestandsmålet blei nådd. Fordelinga var slik: 138 smålaks, 259 mellomlaks og 75 storlaks. Den geografiske fordelinga var om lag som tidlegare: Det er flest gytefisk ovanom vatnet. Nokre tal: Longava 1 stk, nedanfor Tuptene 20 stk,,Sprongahølen 7, Berghølen 7, Lakshølen 23, Storehølen (Molaug) 24, Øygjagardslonå 73, Molaug bru 35, Hålandslonå 11, Neshøl 31, Fladebrådshøl 17, Svarthøl 11, Brådlandsånå 47. – Det vart også sett 3 oppdrettslaks som alle vart tekne ut med harpun.

Når det gjeld sjøaure, vart det sett til saman 275 fisk fordelt over heile elva. Dette er ein kraftig nedgang i høve til toppåret 2019 men kanskje ikkje så verst likevel med bakgrunn i svært låge tal tidlegare. Fordeling på storleik: < 1kg: 120, 1-2 kg: 121, 2-3 kg: 30 og 3-5 kg: 4 stk. I Kvitlå nedanom bedehuset vart det telt 30 sjøaure og 7 smålaks.

Kontrollfiske etter oppdrettsfisk

Saman med Havforskningsinstituttet gjennomførte SRJF i oktober/november kontrollfiske etter oppdrettslaks. Det vart fanga 49 laks, kor 44 var villalks og 3 oppdrettsfisk (avliva). Alle oppdrettslaksane var gjeldfisk. Det vart fanga like mange hofiskar som hanfiskar. Det spesielle i år var at ein større del av laksane (24 %) hadde gytt før og skulle no gyte for andre gong. To av laksane skulle opp å gyte for tredje gong. Gunnar Bakke i Havforskningsinstituttet opplyser at det er fleire fleirgongsgytarar i Frafjord enn i mange av dei andre elvane dei har haustfiske i.

Skjellprøver

Rådgivende biologer i Bergen har sett på innsende skjellprøver. I alt kom det inn 101 skjellprøver tilsvarande 41 % av fangsten. Dette er litt betre enn i fjor, men ikkje godt nok. Betre informasjon eller andre tiltak bør vurderast for å få inn fleire prøver. Ein skjellprøve kom frå ein oppdrettsfisk, dvs. 100 var villfisk. Bra.

Av dei laksane ein sikkert kunne aldersbestemma var 1 klekt i 2010, 1 i 2011, 3 i 2013, 7 i 2014, 17 i 2015, 23 i 2016 og 6 i 2017. Dette kan tyda på at nær 70 % av fiskane i elva i fjor tilhøyrde årsklasse 2015 og 2016. Dei fleste av desse sto to eller tre år i elva før dei gjekk ut i sjøen som smolt. 'Gamlingen' klekt i 2010 vog 9,7 kg og var svært mager med en k-faktor på berre 0,75.